Her er du: Forside  / Rollemodellbyrået ALFA  / Oslo + Akershus  / Ingeborg Kleivane

Ingeborg Kleivane


Ingeborg Kleivane_nivellering (327 x 327)
Ingeborg ute i felten

Alder: 28
Utdanning: master i geofag, studieretning hydrologi (naturgeografi, hydrologi og geomatikk er namnet på stuideretninga)
Arbeidsplass/stilling: Norges vassdrags- og energidirektorat, overingeniør på seksjon for vannbalanse
E-post: ikl@nve.no

 

1. Hvorfor valgte du denne utdanningsretningen?
Var veldig i tvil kva utdanning eg skulle begynne på, men eg var sikker på at realfag var tingen. Hadde eit år på folkehøgskule med musikklinje etter vidaregåande, for å gjere noko anna etter pliktløpet i skulegangen. Der bestemte eg meg for å søke på UiO og Naturgeografi på Geografisk Institutt - eine og aleine fordi eg lika best geografi på vidaregåande. 

På Blindern var det rett på matte og ex.phil. Det var ein tung start etter eit år folkehøgskule med musikk og hygge på tekjøkkenet. Hydrologi hadde eg ikkje høyrt om før det kom som eit tema i ei naturgeografi-forelesning. Det var eit lite eureka: Såklart går det an å studere vatn! Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før? Vatn har alltid fascinert meg, vær og vind også. Eg er vaksen opp i ei bygd i Telemark og har alltid bada i elva og gått på ski - tett kontakt med hydrologien! Hadde berre ikkje eit namn på det før eg begynte på universitetet. 

Undervegs i studiet las eg også ressursgeografi sidan eg er opptatt av miljø og ressursfordeling verda. Masteroppgåva var innan naturgeografi. Den sosiale fordelen med å studere naturgeografi var alle ekskursjonane: lett å bli kjent med studiekameratar når er på feltarbeid og befaringar saman.


2. Synes du utdanningen var krevende/vanskelig?
Bachelorgraden kjentes ikkje spesielt krevande, men på master begynte det å blir tøffare. Men, det var bra å få bryne seg litt!


3. Kan du fortelle litt om jobben din, hvordan du fikk den og hva som er det beste med den?
Eg jobbar i Hydrologisk avdeling på seksjon for vannbalanse og gjør hydrologiske analyser. Arbeidsoppgåvene mine er både innan forvaltning og oppdrag og oppgåvene kjem både frå internt i NVE, andre offentlege etatar og frå det private næringsliv.

Kort fortalt gjør eg analyser som anslår kor mykje vatn som er tilgjengeleg i ei elv (med eller utan målingar) og når det er tilgjengeleg. Det kan vere at eit alpinanlegg skal ta ut vatn til snøproduksjon (vannuttaksanalyser), vegvesenet skal bygge ny bru eller legge kulvert under vegen og treng å vite kor mykje vatn dei kan dimensjonere for (flomberekning), kraftutbyggjarar som skal søke konsesjon (tillatesle) og treng oversikt over hydrologien i vassdraget (til planlegging av produksjon og til sjølve søknaden for å dokumentere effekten av vassutaket).

I tillegg er eg ei av ti som går flomvakt. Flomvakta skal ha oversikt over flomsituasjonen i heile landet og skal vere tilgjengeleg døgnet rundt. Flomvarslingstelefonen er også NVE sin beredskapstelefon. Det vil si at andre hendingar i kraftsystemet (i tillegg til flom) blir meldt via flomvakta utanom vanleg arbeidstid. Dett det ned ei kraftline ein plass blir det meldt til NVE.

Det beste med jobben min er det gode fagmiljøet og kollegene, pluss muligheten til å komme seg ut i naturen. Det er tross alt naturen me jobber med, så ein kan ikkje bare sitte foran ein pc.


4. Hvilke egenskaper har du mest bruk for i jobben din?
Analytiske evner og praktisk tenkning. Sjå samanhenger og tenke logisk med litt bondevett og skjønn. Hydrologi er ingen eksakt vitenskap, så ein må ha ein dose hydrologisk skjønn og kunnskap. Det fekk eg i utdanninga og utvikler eg heile tida i jobben min.


5. Hva tror du er den største misforståelsen når det gjelder realfaglig og teknologisk utdanning?
At du må vere spesielt smart eller praktisk anlagt for å gå på det. Det viktigaste er interessen og motivasjonen og så er det ein fordel å kunne ta seg saman og jobbe strukturert. Det gjelder vel alle utdanningar og er kanskje det vanskelegaste!


6. Hvordan opplevde du realfagene i videregående?
Veldig moro! Likte godt korleis det utvikla seg og spesialiserte seg frå Naturfag i 1.klasse til studieretningsfaga i 2. og 3.klasse. Det kunne godt ha vore meir praktisk og yrkesretta då eg gjekk der, spesielt matte men også kjemi og fysikk. Eg var nok heldig med lærarane mine, som klarte å engasjere i realfaga.


7. Hvilken annen jobb kunne du tenkt deg?
Kanskje meteorolog? Men då måtte eg ha valt ei anna utdanning. Og med den utdanninga eg har er det vel ingen andre jobbar eg kunne tenkt meg. Det einaste er felthydrolog, slik at eg hadde kommet meg enda meir ut!


8. Hva vet du i dag som du gjerne skulle ha visst da du var 16?
At det ikkje er så "skummelt" med teknologiske fag, at "ingeniørstudiet" ikkje bare er maskinar og industri, at det finns mange utdanningar som koplar natur og teknologi, at hydrologi fantes, at statistikk kunne vere nyttig og moro når ein bruker det til hydrologi eller meteorologi.


9. Hvilket tips vil du gi til unge som skal velge utdanning?
Tenk over kva arbeidsplassar som virker interessant og kva utdanning har dei som jobbar der. Kva er favorittfaget ditt på skulen - likar du realfag, og kva likar du best? Vil du jobbe med menneske, natur eller datamaskinar? Kva engasjerer deg? Det er veldig lett å utelukke utdanningar fordi ein høyrer ein eller to som seier at det er vanskeleg eller kjedeleg eller fordi ein trur det bare er kjedelege jobbar eller berre "gubbar" som jobbar med det. Sjekk ein kjelde først! Eg valte ikkje meteorologi fordi eg trudde det var for mykje statistikk. Statistikk kom eg jo ikkje utanom likevel, og ja det kunne vere vanskeleg, men når ein forsto nytten vart det mykje betre. Dessutan gjør datamaskiner mykje av jobben. Det er skilnad på teori og praksis.

Dessutan vurderte eg ikkje UMB fordi det hette Landbrukshøgskulen og eg var jo ikkje interessert i landbruk? UMB har mange fag som eg synest ser veldig interessant å studere! Men, eg likte svært godt utdanninga eg tok og eg er veldig glad for at eg snubla over hydrologi.


10. Kan du si litt om deg selv utenom jobben? 
Eg er glad i å vere ute i naturen. Er veldig glad i fjell og går gjerne på ski eller til fots, og er det ein topp å nå er det ein super bonus. Klatring er også morsomt, inne som ute. I tillegg spiller eg trombone i storband og korps, flott å gjøre noko som er heilt annleis enn trening og jobb! Er veldig gjerne med på sosiale ting med kollegaer, for det er ein flott gjeng og det er fint å kunne le med dei du jobbar med.


11. Hvordan har du opplevd å være jente i din jobb og utdanning?
Veldig fint! Har aldri kjent meg malplassert sjølv om eg i nokre settingar har vore einsam som jente.

Ingeborg Kleivane (360 x 480)
Ingeborg på topptur