Namn: Dagfinn Bentås
Alder: 37
Utdanning: Sivilingeniør Bygg og Anlegg
Arbeidsplass/stilling: Vassdragsteknisk, Ansvarleg og Prosjektleiar
E-post: db@ostfoldenergi.no
1. Hvorfor valgte du denne utdanningsretningen?
Det var eigentleg tilfeldig. Opphavleg hadde eg tenkt meg ein militært karriere eller eit hovudfag i historie. Me då eg fekk sommarjobb hjå eit større entreprenørfirma, gav det lyst til å gå vidare innanfor bygg og anlegg.
2. Synes du utdanningen var krevende/vanskelig?
Ja, det var den! Både forkurs med alle realfag på eit år og dei 5 åra på NTH var tøffe. Men det som er bra er at det vert meir praktisk jo lenger opp i utdanninga du kjem, og dermed lettare å motivere seg. Men spesielt 1. år på NTH er beinhardt.
3. Kan du fortelle litt om jobben din, hvordan du fikk den og hva som er det beste med den?
Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) er ei lovpålagt stilling innanfor damsikkerheitsarbeid. Det vil seie at alle som eig dammar i Norge må ha tilsett eller leig inn ein VTA. For å verte VTA må du være offentleg godkjent av NVE. Arbeida går i korte trekk ut på å sjå til at dammane som min arbeidgivar eig er trygge på alle måtar.
I tillegg har eg prosjektleiar-funksjon (planlegging, økonomi, kontrahering, bygging) for større arbeid i tilknyting til bygg og anlegg. Det meste av dette relatert til jobben som VTA, dvs. vassdragsrelaterte konstruksjonar (dammar, vasstunnelar, røyr, kraftstasjonar, luker, osb).
4. Hvilke egenskaper har du mest bruk for i jobben din?
Sunn fornuft og erkjenning av kva ein faktisk IKKJE kan, men må få hjelp til. Variert teoretisk og praktisk erfaring som gjev grunnlag til problemforståing er også viktig. Dersom ein ikkje forstår kva som er problemet, kan ein heller ikkje løyse det.
5. Hva tror du er den største misforståelsen når det gjelder realfaglig og teknologisk utdanning?
At alle endar ut med jobbar på kontor. Veldig lite forståelse for den praktiske implementeringa av teoretisk kunnskap.
6. Hvordan opplevde du realfagene i videregående?
Eg hadde ikkje realfag på vidaregåande! Tok samfunnsfag og måtte ta forkurs for ingeniørskule etter fyrstegongsteneste. Det var eit tøft år med alle realfaga på ein gong. Veldig teoretisk og lite knytt til praktisk bruk.
7. Hvilken annen jobb kunne du tenkt deg?
Militært eller lærar i historie.
8. Hva vet du i dag som du gjerne skulle ha visst da du var 16?
At kjedeleg teori faktisk har ein praktisk anvendelse. Dessutan at generell teoretisk kunnskap kan vere grunnlag til å forstå spesifikke praktiske problemstillingar.
9. Hvilket tips vil du gi til unge som skal velge utdanning?
Velg noko som held mange alternativ opne. Ikkje tru at det du har lyst til i dag er det du har lyst til om 10, 5 eller berre 2 år!
10. Kan du si litt om deg selv utenom jobben?
Eg er busett i Lærdal i Sogn. Gift med Anita og har tvillingar, jente og gut. I Lærdal bur me i einebolig med 20 min reisetid til min arbeidsplass. Når eg ikkje er på arbeid er eg veldig interessert i historie. Er vel og rekne som ein hobbyhistorikar. Elles er jakt og geologi to friluftsrelaterte interesser som får litt tid. Tvillingane tek vel meste delen av fritida periodevis.