Arkitekt
Arkitekten jobber med utforming av hus og bygninger.
-
Om jobben
Arkitektar teikar og utformar hus og bygg med fokus på både funksjon og design. Arkitekter jobbar også med parkanlegg og liknande.
Vanlege arbeidsoppgåver for arkitekten:
- planlegging, utvikling og design av nye bygg
- restaurering og omforming av eksisterande bygg
- planlegging av busetjing, både i omforming/utbygging av byområde og boligstrok
Arkitektar held på med planlegging av bygningar, byggeteknikk, utsjånad og samfunnsplanlegging. Det er viktig å kunne kombinere alt dette under utvikling og bygging av nye bygningar og anlegg.
Arkitektar med sivilarkitekeksamen eller mastergrad i arkitektur kan bli medlem av Norske arkitekters landsforbund.
-
Personlege eigenskapar
Som arkitekt bør du vere kreativ og ha god forståing av form og estetikk. Du må ha ei god forståing for korleis fysiske omgjevnader påverkar oss, og eit ønske om å ta del i utforminga av desse.
-
Kvar jobber arkitekten?
Som arkitekt kan du jobbe i arkitektfirma eller som konsulent for byggebransjen. Arkitektar har både private og offentlege oppdragsgivarar.
-
Utdanning
Arkitektutdanninga er eit masterstudium som er tilgjengeleg ved tre opplæringsinstitusjonar i Noreg. Desse er Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), NTNU i Trondheim, og Bergen arkitektskole (BAS).
Vanleg studietid er noko ulik frå institusjon til institusjon. I Oslo er det 11 terminar (5,5 år), mens det i Bergen og Trondheim er 10 terminar (5 år).
Omtale og oversikt over utdanning
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Krava varierer frå studiestad til studiestad, og innebærer gjerne intervju og/eller opptaksprøver. Kontakt studiestaden for informasjon om dette.Sjå oversikt over studiestadar og poenggrenser hos Samordna opptak
Etter- og videreutdanning
Det finst fleire etter- og vidareutdanningstilbod for arkitektar. Her kan du spesialisere deg innan ulike tema. Etter fullført mastergrad er det også mogleg å ta doktorgrad i arkitektur. -
Løn
Gjennomsnittleg årsløn for arkitektar er om lag 718 000 kroner (Kijede: SSB 2012).
-
Meir informasjon