Lege
-
Om jobben
Hovudarbeidsområdet til legen er diagnostisering og behandling av pasientar. Du må ha gode medisinske kunnskapar og vere flink med menneske. Som lege har du ansvar for at den behandlinga du gir er behandlande og lindrande.
Vanlege arbeidsoppgåver for legen:
- lytte til pasientane og stille diagnose
- planlegge behandling ut frå kvar enkelt pasient sine behov
- gi pasientar råd om behandling og opplysingar om bruk og dosering av medisin, risiko, osv.
Kva type behandling som blir gitt varierer ut frå spesialisering og arbeidsstad. Ein allmennpraktiserande lege vil for eksempel ofte sende pasientar vidare til spesialistar dersom dei treng behandling som den allmennpraktiserande ikkje kan tilby.
For å kalle deg lege, må du ha autorisasjon. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell gir profesjonsgodkjenning.
Mange legar jobbar som spesialistar, altså med spesialkompetanse innanfor eit medisinsk område, sjå liste under.
-
Personlege eigenskapar
For å kunne arbeide som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske, og du må ha gode kommunikasjonsevner. I tillegg må du vere innstilt på å halde deg oppdatert i forhold til medisinsk og teknologisk utvikling. Samtidig kan den aller viktigaste eigenskapen for ein lege vere evnen til å sjå kvar enkelt pasient. Som lege må du også kunne takle eventuelle krisesituasjonar.
-
Kvar jobbar legen?
Som lege kan du jobbe på sjukehus, klinikkar, legekontor, i privat praksis, humanitære organisasjonar, forsvaret og innan medisinsk forsking. Med fordjuping og vidareutdanning får du endå fleire jobbmuligheiter.
-
Utdanning
For å bli spesialist i generell kirurgi må du ha fullført medisinutdanning med ytterlegare spesialisering på minimum seks år ved kirurgisk avdeling. Inn til 2,5 år kan bli tatt i ei grenspesialisering, og eit halvt år kan erstattast av forskingsteneste, teneste i relevante spesialitetar eller anna teneste. I tillegg kjem obligatoriske kurs. Utdanninga etter medisinstudiet blir tatt medan du er i arbeid som lege.
Profesjonsstudiet i medisin er eit seksårig universitetsstudium. Studentane er gjennom heile studiet ofte i kontakt med pasientar, og det blir vektlagt at praksisen skal vere så allsidig som mogleg. Turnustenesta på 1,5 år er ein del av spesialistudanninga. Dersom du skal jobbe som fastlege eller i kommunal legevakt, må du ha gjennomført turnus.
Omtale og oversikt over utdanning
Opptakskrav
Søkarar til medisinstudium må ha generell studiekompetanse med realfag, og det blir stilt krav til gode karakterar. Opptakskrava kan variere frå stad til stad.
Spesialisering
Det er gode muligheiter for vidareutdanning og påbygging etter fullført legestudium. Liste over spesialiseringer: - allmennmedisin
- anestesi
- arbeidsmedisin
- barnekirurgi
- barnesjukdomar
- barne- og ungdomspsykiatri
- bryst- og endokrinkirurgi
- dermatologi (hudsykdommer)
- fordøyelsessjukdomar
- endokrinologi
- fysikalsk medisin
- gastroenterologisk kirurgi
- geriatri
- gynekologi
- hematologi
- immunologi og transfusjonsmedisin
- indremedisin
- infeksjonssjukdomar
- karkirurgi
- kardiologi (hjertesjukdomar)
- kirurgi
- kjevekirurgi og munnholesjukdomar
- klinisk farmakologi
- klinisk nevrofysiologi
- lungesjukdomar
- medisinsk biokjemi
- medisinsk genetikk
- medisinsk mikrobiologi
- nevrokirurgi
- nevrologi
- nukleærmedisiner
- nyresykdommer
- oftalmologi (øyelege)
- onkologi
- ortopedi
- patologi
- plastikkirurgi
- psykiatri
- radiologi
- revmatologi
- samfunnsmedisin
- thoraxkirurgi
- utrologi
- øyre-nase-hals
- med fleire
Legeforeininga har ei detaljert liste med informasjon om alle spesialiseringsområde.
-
Løn
Gjennomsnittleg årsløn for legar i privat helse- og sosialteneste er 861 600 kroner. Legar tilsett i helseføretak tener gjennomsnittleg 778 800 kroner i året. Legar i kommunal og fylkeskommunal verksemd tener gjennomsnittleg 675 600 kroner i året (Kjelde: SSB 2012).
-
Meir informasjon