Professor
-
Om jobben
Ein professor er tilsett ved eit universitet eller ein høgskule. Professoren er ekspert innan fagfeltet sitt. Professorstillinga er den høgste rangerte stillinga du kan ha i norske undervisings- og forskingsinstitusjonar.
Det er ikkje eit formelt krav at ein professor har doktorgrad, men det er sjeldan at personar utan doktorgrad blir professor. Ofte blir det krevd vitskapleg arbeid tilsvarande over to doktorgrader i omfang før ein forskar rykker opp frå førsteamanuensis til professor. I tillegg er det mange andre krav for å arbeide som professor, men desse kan variere frå fakultet til fakultet.
Professorar kan ha svært ulike arbeidsoppgåver, avhengig av både arbeidsstad, fagfelt og eige ønske. Felles for professorar er at dei brukar ein vesentleg del av arbeidstida på forsking og publisering av forskingsresultat. Dessutan brukar dei fleste professorar ein del av tida si på undervising og rettleiing av studentar. Arbeidsfordelinga blir bestemt av både professoren sjølv og fakultetet professoren er tilsett ved.
Vanlege arbeidsoppgåver for professorar:
- halde forelesingar eller seminar innan fagfeltet sitt
- utføre avansert forsking innan fagfeltet sitt
- rettleie og undervise studentar
- redigere og vurdere vitskaplege artiklar i forskingstidsskrift
- fungere som rådgjevar eller konsulent for myndigheiter eller organisasjonar
Professor II blir brukt om professorar tilsett i ei bistilling. Som oftast blir denne typen stilling brukt når det er snakk om yrkesutøvarar som har hovudarbeidet sitt ein annan stad, slik som for eksempel praktiserande legar eller advokatar. I mange tilfelle kan du også vere professor ved eitt universitet, og fungere som professor II ved eit anna universitet.
Professor emeritus blir brukt om pensjonerte professorar. Ofte har ein professor emeritus kontor ved sin eigen institusjon, og arbeider så mykje som han eller ho ønskjer, slik at kompetanse innan fagfeltet blir bevart.
-
Personlege eigenskapar
Som professor har du særdeles høg kompetanse innan kompetanseområdet ditt. Du er ein av dei fremste ekspertane innan fagfeltetet. Det er nødvendig å ha sterk interesse for både fagfeltet, forsking og undervising.
-
Kvar jobbar professoren?
Som professor er du tilsett ved ein høgskole eller eit universitet i Noreg eller i utlandet.
-
Utdanning
Professorar har i dei aller fleste tilfelle ein doktorgrad. Denne blir tattetter fullført mastergrad, og har ei normert studietid på tre år (vanlegvis blir den tatt over fire år fordi dei fleste stipendiatstillingar krever at du underviser/rettleiar 25% av tida i 4 år). Doktorgradsstudium blir tilbydd innan alle fagfelt, og ved ei rekkje studiestedar. Ofte er doktorgradskandidatar tilsett som stipendiat.
-
Løn
Det er opp til kvart enkelt institutt å bestemme løna til professorane. Gjennomsnittleg årsløn for ein professor ligg på 538 900 - 1 106 400 kr (Hovedtariffavtalen i staten 2010-2012).
-
Meir informasjon