Mikrobiolog

  • Om jobben

    Mikrobiologar er spesialiserte biologar. Dei studerer levande organismar som er umoglege å sjå utan bruk av mikroskop. Mikrobiologar undersøker bakteriar, sopp, virus, celler og andre mikroorganismar, og jobbar ofte som forskarar.

    Mikrobiologar studerer mikroorganismar, reaksjonar med kjemikaliar og korleis organismane utviklar og reproduserer seg sjølv. Arbeidet skjer som oftast i laboratorium. Mikrobiologar forskar på korleis, og på kva effekt, mikroorganismane har på helsa til menneske, dyr og plantar. Forsking på feltet har ført til gjennombrot innan medisinske og andre naturfaglege felt.

    Mikrobiologane brukar avanserte instrument og verktøy for å undersøke mikroorganismane.

    Vanlege arbeidsoppgåver for ein mikrobiolog:

  • isolere og identifisere mikroorganismar i vatn, mat og frå andre kjelder
  • forske og finne ut av korleis mikroorganismar kan hjelpe menneske, dyr og plantar
  • lese forskingsartiklar og oppdatere seg på faglitteratur
  • følge reglar for tryggleik og rutinar for å unngå uhell

Mikrobiologar arbeider tett med mange ulike forskarar i bedrifter, på sjukehud og på universitet. Ofte samarbeider mikrobiologar med kjemikarar, biokjemikarar, geologar, spesialiserte legar innan mikrobiologi, infeksjonsmedisin eller patologi.

Dei fleste mikrobiologane spesialiserer seg innan eit felt. Det kan vere ingeniørarbeid innan bioteknologi, eller meir forskingsbasert arbeid som cellebiologi, bakteriologi eller molekylærbiologi.

  • Personlege eigenskapar

    Som mikrobiolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nysgjerrig, like å undersøke for å finne ut av ting, og du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske bevis. Evne til å arbeide nøyaktig og tolmodig er ein føresetnad.

  • Kvar jobbar mikrobiologen?

    Mikrobiologar arbeider på sjukehus, høgskular og universitet, industrielle laboratorium, selskap innanfor bondenæringa, bioteknologiske og farmasøytiske firma og liknande. Nokon er fast tilsett, medan andre er engasjerte på midlertidige kontraktar og leigde inn som konsulentar, anten gjennom konsulentfirma eller som frilansar.

    Etter fullført mastergrad med kompetanse innan medisinsk mikrobiologi er du kvalifisert for å undervise i helselære.

  • Utdanning

    Du får tilbod om bachelorgrad i biologi ved fleire høgskular og universitet i Noreg. Det finst også bachelorstudium i meir spesialiserte fag som for eksempel havbruksbiologi og molekylærbiologi ved fleire universitet i Noreg.

    Oversikt over utdanningsstadar

    Opptakskrav
    Generell studiekompetanse med ein realfagskombinasjon. Du kan også søke opptak på grunnlag av realkompetanse dersom du har fylt 25 år, men realfagskombinasjonen må du uansett ha.

    Oversikt over utdanningsstadar og poengkrav frå Samordna opptak

    Etter- og vidareutdanning
    Med bachelorgrad kan du ta mastergrad ved eit universitet i Noreg eller i utlandet. Det er også mogleg å ta doktorgrad i mikrobiologi.

  • Løn

    Løna er avhengig av arbeidsstad, grad av ansvar, ansiennitet og kva kompetanse du har.

    Som forskar ved ein statlig institusjon vil årsløna ligge på 468 400 - 620 500, og ved oppnådd professorkompetanse 544 000 - 808 000. Kjelde: Hovudtariffavtalen i staten 2012 -2014.

  • Meir informasjon

    Meir om realfag på velgriktig.no

    Norsk forening for mikrobiologi

    Norsk biologforening

     

    Kvalitetssikra av Norsk Forening for Mikrobiologi (2011)