Biolog

Ein biolog har studert biologi. Biologi er læra om den levande naturen og organismane i naturen.

Om jobben

Fagfeltet biologi handlar om alt levande, og biologar har ei grunnutdanning som gjer at dei har kunnskapar om eit breidt felt av biologiske disiplinar. Det er vanleg at biologar spesialiserer seg innan ein eller fleire disiplinar.

Ein biolog kjenner til/har kunnskapar om:

  • organismane si "bygning", funksjon og slektskap
  • utviklinga av nye livsformer (evolusjon)
  • samspelet mellom organismane og miljøet (økologi)

Mykje av arbeidet skjer ute i felten og inne på laboratoriet. Biologen har blant anna i oppgåve å finne ut av kva konsekvensar klimaendringane får for naturen.

Det finst mange retningar innanfor biologi. Blant desse finner vi mikrobiologi, zoologi, botanikk, fysiologi, økologi, evolusjonsteori og ei rekkje andre spesialiseringsområde.

Bachelorgraden er innom mange emne, og kva jobbmuligheiter du får avhenger av dei andre faga du vel å spesialisere deg i. Under masterstudiet får du høve til å spesialisere deg ytterligare, og du kan velje å forske vidare som stipendiat ved eit universitet eller ein høgskule.

Personlege eigenskapar

Som biolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nysgjerrig, like å undersøke og finne ut av ting, og du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske bevis.

Kvar jobbar biologen?

Biologar jobbar blant anna i industrien, i oljebransjen, i offentleg forvalting, i miljøorganisasjonar, ved forskingsinstitusjonar (som universitet og høgskular) og i oppdrettsnæringa. Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for naturforvaltning er eksempel på statlege forvaltingsorgan som har tilsett biologar. Mange jobbar også med undervising. Havbruksbiologi, som handlar om forvalting av ressursane i havet og utviklinga av havbruksnæringa, gir også mange yrkesmuligheiter i Noreg.

Utdanning

Bachelorgrad i biologi kan du ta ved flerie universitet og høgskular.

Sjå oversikt over studiestadar

Opptakskrav

For å søke opptak til bachelorgraden i biologi må du ha generell studiekompetanse, samt ein realfagskombinasjon. Du kan også søke opptak på grunnlag av realkompetanse dersom du har fylt 25 år, men du må likevel ha faga som er nemnt over.

Oversikt over utdanningsstadar og poengkrav frå Samordna opptak

Vidareutdanning

Avhengig av fagkombinasjonen din vil ein bachelorgrad i biologi kvalifisere til opptak til masterprogram i blant anna biologi, mikrobiologi, biokjemi og fysiologi. Masterprogrammene finst ved fleire universitet og høgskular.

Lisens

Creative Commons lisens (Navngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår 3.0 Norge) Teksten "Biolog" er henta frå http://utdanning.no og kan fritt bli brukt på nytt ved å følgje desse retningslinene: Creative Commons.