Ingeniør
Ein ingeniør er ein teknisk spesialist. Felles for ingeniørutdanningane er at du må vere flink i realfag, spesielt matematikk og fysikk. I tillegg bør du ha interesse for utvikling og bruk av teknologi, samt utvikling av nye teknikkar for å betre og utvikle arbeidsfeltet ditt. Ein ingeniør jobbar ofte i team der samarbeid på tvers av fagområde er nødvendig.
Om jobben
Hovudretningene innan ingeniørutdanning er:
Innanfor desse hovudretningane kan du ha spesialisering innan ei rekkje område, mellom anna:
- branningeniør
- HMS-ingeniør
- ortopediingeniør
- petroleumsingeniør
- energi og miljø
Studietilbodet varierer frå studiestad til studiestad. Det betyr at ein har ingeniørar innanfor alle desse ulike felta, men du velg eit utdanningsløp som spesialiserer deg innanfor eitt felt.
For eksempel vil eit ingeniørstudium retta mot energi og miljø ha hovudfokus på utvinning og produksjon av miljøvenleg energi, samt å fortsette utvinninga av tradisjonelle energikjelder utan å skade miljøet.
Ein ingeniør som arbeider med bygg- og miljøteknikk vil derimot jobbe med utvikling og tilpassing av tekniske løysingar til industri og næringsliv, samt å bidra til bygging av sikre og funksjonelle hus, gode vegar, og system for vassforsyning.
Som dataingeniør jobbar du med å betre eksisterande datasystem, samt å utvikle nye datasystem som kan bidra til samfunnsutvikling.
Som ingeniør i maskinteknikk kan du jobbe med all slags verksemd der det er maskinar, det vil seie alt frå mekanisk industri, olje- og gassindustri, gruveverksemd, kjemisk industri, bygg- og anleggsindustri, med meir.
Felles for alle ingeniøryrke er teknologi. Som ingeniør jobbar du med å betre eksisterande teknologi og utvikling av nye teknikkar for å utvikle arbeidsfeltet ditt. Mange ingeniører tilbyr også rådgivningstenester til både privat og offentleg sektor.
Ingeniørtittelen er ikkje verna. Tittelen blir brukt av personar med teknisk utdanning, eller av personar som gjennom studium eller praktisk arbeid har kompetanse på lik linje med utdanna ingeniørar.
Personlege eigenskapar
Kvar jobbar ingeniøren?
Som byggingeniør kan du jobbe på prosjekt i privat og offentleg sektor, og arbeidet er fokusert på praktiske oppgåver og tekniske løysingar i forhold til bygging, helse, miljø og tryggleik. Byggingeniørar fungerer ofte som leiarar på arbeidsplassen, og det er generelt sett gode sjansar for å avansere til høgare stillingar.
Dataingeniørar jobbar spesielt med systemutvikling, systemadministrasjon og programmering, men det er også gode jobbar i offentleg forvalting, i skular og i dataavdelingane i store bedrifter. Fordi IT-sektoren er i konstant vekst, vil det vere gode jobbmuligheiter i framtida.
Som maskiningeniør er utvikling og konstruksjon, av maskinar, tekniske verktøy og anlegg, sentrale arbeidsoppgåver. I dette yrket skal du bidra til utvikling og produksjon av nye teknologiske reiskapar som kan bidra til å betre produksjon med vekt på miljø- og økonomifokus.
Utdanning
Opptakskrav
Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkarar tilbod om studieplass ved dei fleste høgskulane.
Løn
Vidareutdanning
Meir informasjon
Kilder Vi Bygger Norge NITO - Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon
Lenker Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) NITO - Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon Intervju med ingeniørstudent
Yrkesnamn på engelsk Engineer
Kvalitetssikret av NITO (januar 2009)
Lisens
Teksten "Ingeniør" er hentet fra http://utdanning.no og kan fritt gjenbrukes under betingelsene i Creative Commons.